Norsk English

Eit steg nærmere

Gleda var stor i Hardanger og Voss museum då Hordaland fylkeskommune meldte at dei løyver 1,9 millionar kroner til å bygge om sjøhuset til nytt publikumsmottak

Med god støtte frå Staten, Hordaland fylke og Kvam herad har Hardanger fartøyvernsenter utvikla seg til å bli eit kraftsenter for maritim kultur både i nasjonal og regional samanheng. Som nasjonalt fartøyvernsenter med fokus på vidareføring av maritime handverkstradisjonar har senteret bygd opp kompetanse innan fartøybygging, smedarbeid, småbåtbygging, reipslaging og skutesegling. Med utgangspunkt i dette driv senteret museumsformidling og attraksjonsutvikling i brei forstand med eit årleg besøk på om lag 13000 besøkande. 

Fartøyvernsenteret har i mange år samarbeidd med Kvam herad for å få lagd ein strandveg mellom Norheimsund sentrum og senteret. Denne er no realisert og har alt gitt ei fin publikumsauke. I juli (som representerer høgsesong) var det ei auke av betalande gjester på over 40 %. Neste steg er å etablera eit permanent publikumsmottak i den nye inngangen i sjøhuset. Sjøhuset er i dag eit røft og uisolert hus med dårleg tak. Sjølve bygget treng oppgradering og betre fundamentering før ombygging til kafé, butikk og filmsal. Her vil ein møta publikum på bakkplanet direkte mot strandvegen der trafikkstraumen er størst. Prosjektet har ei kostnadsramme på kr 6,4 mil og med denne løyvinga frå fylket i botnen er museet optimistisk med tanke på vidare finansiering. Målet er å ha dei nye publikumsfasilitetane klar til sommarsesongen 2015. 

For meir informasjon ta kontakt med prosjektleiar Geir Madsen epost: geir.madsen@fartoyvern.no   - tlf 48 99 42 41

 

Filer

Flere bilder

  • anlegget Nils Kjetil Torvik
  • Hardanger fartøyvernsenter med Ica tomten, frå lufta 2009.
  • Over bekken, skisse frå sjøen