Norsk English

Tau av lindebast i den kulturelle skulesekken

Hardanger fartøyvernsenter og Den kulturelle skulesekken i Kvam tilbyr den pedagogiske opplevinga "Kan det bli tau av dette da?" på reiparbanen på fartøyvernsenteret. Frå torsdag 17. til onsdag 23. januar får om lag 100 åttandeklassingar vera med på å laga tau av lindebast. Dei får også innføring i det tradisjonsrike reipslagarfaget, som fartøyvernsenteret er åleine om å halda i hevd her i landet.

Undervisningsopplegget varer om lag tre skuletimar. For ungdom som er vane med plasttau er det ei fasinerande oppleving leggja ei tau av lindebastfibrar. Bast er dei levande fibrane mellom borken og veden i treet. Lindebast har truleg vore brukt som råstoff for tau både i sjøbruk og jordbruk frå steinalderen og fram til for mindre enn 100 år sidan. Ved å laga tau av lindebast får elevane eit innblikk korleis folk har utnytta lokale råvarer i fleire tusen år.