Norsk English

Det skjer på fartøyvernsenteret

Fleire prosjekt er på gang i det nye året. Nokre er ferdige, andre i avslutningsfasen og "Gå På", eit stort prosjekt, er nett kome skikkelig i gang. 

Albatross er no sjøsett, prøvekøyrd og klar til levering tilbake til Eikemo i Åkrafjorden.

Dampskipet Stord fyller 100 år i år! No er vi omtrent ferdige med trearbeidet, men framleis står det igjen måling, montering av puter, rigging av ny mast og noko dekksarbeid. 

Istandsetting av "Gå På" er no komen skikkelig i gang, og vi har skifta ein del spant. Kjølsvinet er fjerna, og noko garnering. Dei nye spanta er av eik, og tunge å handtere.

Flere bilder

  • Spantemateriala er massive
  • Gaa Paa - Skifting av spant er igang
  • Andre klasse herre sovelugar heilt framme ved dei innkassa kjettingrøra
  • Maling av fyrste klasse på andre klasse