Norsk English

Hardanger fartøyvernsenter, nå med jobb i Istambul

Hardanger fartøyvernsenter har hatt mange uteoppdrag i Norge gjennom åra. Vi har jobba på fartøy i fjellvatn, på Mjøsa og langs heile kysten, men vi har aldri hatt restaureringsjobbar i utlandet før, så dette er nytt og kjekt.

Skoleskipet Sørlandet ligg ved eit verft i Tyrkia der eit omfattande istandsettingsprosjekt vert gjennomført på forholdsvis kort tid. Hardanger fartøyvernsenter er i den samanhengen leverandør av handverkartenester innafor eit av våre spesialområde, som er legging av tredekk på stålskip. Det er spennande for Hardanger fartøyvernsenter å få eit slikt oppdrag, både fordi det er langt heimafrå og fordi det er på Skoleskipet Sørlandet!

 

Flere bilder

  • Arne Jostein og Emil sammen med en masse plank
  • Båtdekket legges
  • Dekket tar form