Norsk English

Velkomen til Hardanger fartøyvernsenter og treåtfestival, helga 23. og 24. juni

Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund er del av trebåtfestivalen 22. til 24 juni. Vi tek imot alle festivalgjester frå kl 10 - 17 kvar dag. Billettar dekkar både festivalområdet i Grovet og på fartøyvernsenteret: kr 100, born under 12 år gratis. Link til sjørøvertoktbilletter finn i programmet under på lørdag..

Trebåtfestivalen sin side

Her kan de møta handverkarar i opne verkstadar: Småbåtverkstad, smie, reiparbane og fartøyrestaurering. Born og vaksne kan prøva seg i aktivitetsløype og i eigne verkstadar for born. 

I kafeen vår er det gode, heimebaka kaker og annan lokal mat. Det er også servering på soldekket på den freda M/Folgefonn. Sjå også dei andre tradisjonsrike båtane i hamna. Utleige av robåtar. 

Ny utstilling i år: «Tett på kystkvardagen», maritime bilete av Anders P. Wallevik

Den ferske boka «Fjorden var vegen. Fotopioneren Anders Paulsson Wallevik» av Elisabet Vallevik Engelstad er til sals i butikken vår. 

Utstillingar om Båtbygging i Hardanger, reipslaging og HSD si historie. Filmar om Nordlandsfarten, Kvinna ved havet og Då sjøen var vegen. 

Festivalprogram på fartøyvernsenteret

 Laurdag 23. juni 

Frå kl 11.00 Gratis båtskyss med gavlabåt mellom fartøyvernsenteret og kaien i Grova. 

Billettar til sjørøvertokt
laurdag 23. 06

Sjørøvertokt kl 11

Sjørøvertokt kl 13

Sjørovertokt kl 15

Foredrag på M/F Folgefonn 

Kl 12.00 Åsmund Kristiansen, leiar ved fartøyvernavdelinga: Om restaureringa av «Arnafjord».

Kl 13.00 Ingunn Undrum, reipslagar: Tau til verdas største vikingskip, om prosessen frå fiber til ferdig tau. 

Kl 14.00 Peter Helland-Hansen, småbåtbyggjar: Utviklingstrekk frå hardangerbåt til strandebarmar.

Kl 15.00 Kristian Djupevåg, båtbyggjar: Stell og vedlikehald av trebåten. 

Foredraga er støtta av Folkeakademiet i Kvam. 

Eigarane av «Arnafjord» og «Stangfjord» er ved fartøya sine og presenterer dei både laurdag og sundag.

Underhaldning ved Kvammaduren og Navy Vokalis i løpet av dagen. 

Sundag 24. juni 

Kl 14.00 Kroneregatta med start ved fartøyvernsenteret. Familiar og born stiller med «kronebåtar». Nye båtar kan kjøpast på fartøyvernsenteret på førehand. Vinnar vert kåra under grilling på Sandvenholmen etterpå.