Norsk English

Georg Stage kjem att i 2014

Den danske fullriggaren Georg Stage kom laurdag og vart liggande til måndag. Opent skip frå kl 15 til 17 både laurdag og sundag.

M/S Sandnes kom laurdag og blei liggande til kvelden.

Det er fjerde gongen vi får besøk av det staute skuleskipet fullasta med unge sjøfolk under opplæring. Etter besøket i pinsa seier skipparen at dei kjem att i 2014 når Mathile er 130 år gamal. Då vil dei feire bursdag.

Ungdommane fekk spille sandvolleyball med Rossvoll gjengen. Fjelltur blei det også. Laurdag var det grilling på holmen. Det er kjekt å få så mye god ungdom inn fjorden. Det fryder oss. Skuta, filosofien bak og historia kan du lese meir om på Georg Stage. Det var open båt på laurdag og sundag kl 15 til 17.

Veteranskipet Sandnes er det andre fartøyet som kom i pinsa. Venneforeininga har fleire gonger lagt vårturen sin til Hardanger. Sandnes er eit staseleg skip som du kan lese meir om på  Sandnes. Skuta er det største veteranskipet i drift i Noreg i dag. Hardanger fartøyvernsenteret har gjort ein del trearbeid på Sandnes. Bl. a. har me skifta ein del på fordekket /bakken.

Flere bilder

  • Georg Stage på vei ut sundet
  • Overstyrmann Helle Jespersen og elevene
  • Galionsfiguren Georg Stage
  • Salong, stilfullt
  • Morten Hesthammer driver mot hakeplanken på bakken på Sandnes.