Norsk English

Det er vår på fartøyvernsenteret og det er deilig.

Nå har tjærelukta vært sterk sidan før påske. Åttæringen er sjøsett og har allereie gledd dei fyrste roarane.

På bildet ser vi ein gjeng som hadde arbeidsmøte hjå oss på fartøyvernsenteret. Etter lunsjen i kafféen unte dei seg ein rotur.

Snart kjem barnehagen i gang med roinga si og då er det verkeleg vår. Frå og med 2. mai er senteret ope for gjestar kvar dag frå kl 10 til 17.

Tysso har vore på si fyrste prøvekjøring og det er ikkje lenge til ho skal overleverast til Norsk Vasskraft og Industristadmuseum i Tyssedal.