Norsk English

Vårjobbane på fartøyvernsenteret

Gutta på verftsavdelinga har nok å hengje fingrane i.

Det er både oppdrag her på verftet og to uteoppdrag i vår.

Uteoppdrag
Dei har to jobber i Hedmark! Vel, det er kanskje å trekkje det litt langt sidan Femunden ligg hovedsaklig i Hedmark, men fartøyet M/S Fæmund II har vinteropplagsplass i den nordlige enden som ligg i Sør-Trøndelag. 

1. Vi lagar innreiding i 1. klasse salong og noko dekkslegging på verna rutebåt M/S Fæmund II. Arbeidet blir truleg ferdig i løpet av april, byrjinga av mai.  

2. Etter påska reiser vil til Osensjøen og innreiar lugarar i M/S Trysilknut, som er eigd av Norsk Skogmuseum. Trysilknut er tømmerslepar, liten klinka stålbåt. Vi demonterte innreiinga i fjor, Bredalsholmen gjorde stålarbeidet og vi har restaurert og montert tilbake. Vi blir ferdige i løpet av mai. 

På fartøyvernsenteret

Vi avsluttar styrehuset på Arnafjord. Den blir sjøsatt etter påske. Det gler vi oss til. 

Til draken Harald Hårfagre har vi laga åreholslok. Ca 70 årer vert produsert i april og mai. Den skal sjøsettjast på Avaldsnes i byrjinga av mai. Det blir stor stas.  

På M/S Albatross, postbåt og skyssbåt fra Åkrafjorden, skal vi reparera skrogskader, settja innny motor, innreiing og div dekksarbeid m.m.

 

 

 

D/S Stord 1 skal være ferdig til 1. mai. Innredning av to lugarer, dekkslegging m.m.