Norsk English

Forma i tre i småbåtverkstaden

Den kulturelle skulesekken for 2. årssteg

Som vanleg på denne tid av året får 2. årssteg i skulen vera med på «Opplevingar i småbåtverkstaden - Forma i tre" ved Hardanger fartøyvernsenter.  

I år tek me til måndag 26. mars. Kl 9 startar fyrste gruppa med 12 - 14 ivrige elevar som får bruka øks, sag og kniv for å laga båtar av råe greiner av tre. Den mjuke, rå veden er lett å skjera i. 

Når båtane er klare med fargelagde segl, får elevane prøva å bruka ulike høvlar på eit båtabord. Fjøla vert til ein båt som dei får med seg attende til klasserommet. 

Forma i tre saman med båtbyggjarar på fartøyvernsenteret er ein del av den kulturelle skulesekken for elevane i Kvam. Dei andre tilboda er reipslaging for 8. årssteg og ut å ro for 6. årssteg. Roinga vert dei dei to siste vekene i april.

Timeplanen

Øystese barneskule
Måndag 26. mars kl 9.00 og kl 11.30
Tysdag 27. mars kl 9.00

Kvam kristne skule
Tysdag 27. mars kl 11.30

Strandebarm skule
Onsdag 28. mars kl 9.00.

Steinsdalen skule
Onsdag 28. mars kl 11.30

Norheimsund skule
Torsdag 29. mars kl 9.00 og kl 11.30