Norsk English

Kvinnherad og Bømlo får besøk av museumstokt med Mathilde.

Museumstoktet mars/ april 2012 har segling med Mathilde som tema. Vår gode skipper gjennom mange år, Audun Apelseth, har regien på det heile. Det vert kjekt.

Seglingsplanen med stoppestader finn du i faktaboksen til høgre.

Dagen ombord på Mathilde.

Saman med mannskapet får elevane segla jakta Mathilde som er på 73 fot. Mathilde er 128 år i år og vart sjøsett i Nerhusfjøra i Ølve i Kvinnherad hausten 1884. Truleg vart ho rigga på verven hos Gravdal i Opsangervågen.

På kvart tokt har me plass for 25 - 30 elevar og dei lærarane som høyrer til. Det er greitt at elevgrupper som til vanleg arbeider i lag, også er i lag på Mathilde.

Ombord på S/J Mathilde vil elevane møta mannskapet på hardangerjakta. På dekk vil dei få ei grundig gjennomgang av tryggleiken på sjøen. Deretter får dei fortalt skuta si soge.

Dei får så instruksjon i sjømannskap og korleis arbeidet om bord er fordelt. Me har med oss biletspelet Nordlandsfarten som vert vist i rommet. Det utfyller forteljingane til mannskapet og set transporten langs kysten og i fjordane for kring 100 år sidan inn i historisk perspektiv.

I høveleg ver vert det sett av tid til segling. Elevane må ha med niste, dei får servert varm eplesaft.

Mathilde vil leggja frå kai og mesteparten av tida er me ute på fjorden. Det vert heist segl og dei modigaste får klatra i riggen.. Det er viktig at elevane kler seg godt og er kledd for å vera ute uansett ver.

Tidsplan

09.00 Oppmøte

09.00 -10.00 Opplæring i tryggleik, avreise

10.00 - 11.00 Forteljing om Mathilde, sjømannskap, førebuing for segling

11.00 - 11.30 Biletspelet om Nordlandsfarten

11.30 - 12.00 Matpause, mannskapet serverar eplesaft

12.00 - 13.00 Segling

13.00 - 13.30 Mathilde legg til kai, avslutning

Tida for avslutting vert tilpassa kvar skule sitt behov for å rekka buss, skuleskyss ol. Dette avtalar vi når de kjem om morgonen.

Hugseliste kva elever og lærarara må ha med:

Varme og vindtette kle
Hue og hanskar
Regnklede viss veret tilseier det
Kopp
Matpakke

For at slike tokt skal vera trygge må me ta omsyn til veret.. Dagstokt kan på kort varsel verta endra eller avlyst. Difor er det godt at me har fått telefonnummer til den læraren som skal følgja skuleklassen. Me må også få klasselister med namn på alle elevane som skal vera med. Me ber om at lærarane tek med deltakarlistene når dei "mønstrar på".

Hjarteleg velkomen om bord i S/J Mathilde