Norsk English

Tokt i eit sommarparadis

Vi kastar loss i Kristiansand måndag 30.7 kl 11 og legg til i Risør fredag 3.8 ca kl 16

Vi har fem dagar på oss. Sørlandet er kanskje den kyststrekninga flest nordmenn vil velja seg som sitt ferieparadis. Det er ikkje utan grunn. At veret er fordelaktig her om sommaren spelar inn. Svaberg, sund, viker og yrande liv forbinder vi også med Sørlandet.

På fem dagar har vi veldig god tid til å segla denne strekkja. Vi kan liggja litt lenge ein dag, ha god tid til morgonbad eller tusla ein tur for å sjå ei kompassrose som er hogge i stein før vi set segl.

Dette er også heimtraktene til Cecilie Holm som er skipper denne veka. Hun vil gi eit innblikk i ein landsdel som var fattig ikkje minst på grunn av den skrinne jorda og der en stor del av mennene drog til sjøs heilt opp til 1960-talet. Uthamnene som no er ferieparadis, var seglskutehamner og steinbryggjene var i bruk og heilt nødvendige, i tillegg gav dei vinterarbeid til unggutar.

Når du seglar på Sørlandet får du innblikk i ein landsdel som har gått gjennom ei utruleg utvikling og endring av status. Det er ei reise i forteljingar og historie. Når vi har god tid, vert det også mykje segling, ikkje berre for å koma fram, men mest for å segla for moro skuld. Vi kan segla den vegen vinden bles.

Toktet er ope for begge kjønn med eller utan barn. Slike tokt plar bli ei herleg blanding av folk som blir til eit lite samfunn om bord på Mathilde.

- Eg ser fram til å stå ved sida av nokon som eg enno ikkje kjenner og pussa tennene og spytta over rekka. August er tida for moreld, seier Cecilie og ynskjer velkomen om bord.

Det er spessielt å komme med ei storskute som Mathilde til Risør når hamna er full av trebåtar som glinser i lakken.

Velkommen om bord.

 

Flere bilder

  • Kreativ mannskap rigger hekksbåten.
  • Vi kaster loss skværseilet.
  • Redningsvest er ingen hindring i å sleike gryta.
  • Bestemor Ida i riggen
  • Mat og hodeplagg
  • Stemning på dekk
  • Treffer vi holet der framme?