Norsk English

BARNEVERNSAVDELINGA VED HARDANGER FARTØYVERNSENTER BLIR AVVIKLA.

Styret i Hardanger og Voss museum har sett seg nøydt til å avvikla barnevernsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter. Styret gjorde fylgjande vedtak i møte 3.12.12:

På grunn av endra rammevilkår innan statlege barnevern med nedbygging av institusjonsplassar, ser styret for Hardanger og Voss museum seg tvinga til å leggje ned barnevernsarbeidet ved Hardanger fartøyvernsenter for å sikra drifta ved museet. Senteret har i fleire år erfart at Bufetat ikkje har nytta institusjonsplassane, og styret ser ikkje at vilkåra for vidare drift av barnevernsavdelinga er til stades. Det blir jobba for ei styrt avvikling som på mest mogleg skånsam måte tek omsyn til dei tilsette og ungdommane som i dag er knytt til institusjonen. 

Vi beklagar dette på vegne av barnevernsfeltet i Noreg, ungdommane som er knytt til institusjonen og dei tilsette. Ved denne avviklinga missar norsk barnevern ein særeigen og kompetent institusjon som opp igjennom tida har fått mange ungdommar på rett kjøl. 

Historikk
Hardanger fartøyvernsenter (Hfs), har i 28 år drive sosialfagleg arbeid for vanskelegstilt ungdom. Vår verksemd ligg i skjeringspunktet mellom institusjon og fosterheimar. Grunntanken har vore at ein gjennom å kombinera det beste frå institusjonsmetodikken og frå livet i fosterheimar, vil auka sjansen for å lukkast. Hfs har ein god statistikk å visa til på dette feltet. 

Analyse av barnevernsavdelinga.

Avtaleverket
Hfs driftar barnevernsinstitusjonen på rammeavtalar med Bufetat. I september 2012 gav Bufetat beskjed om at målgruppa til vår institusjon skulle fosterheimsplasserast og ikkje institusjonsplasserast. Dei meir enn antyda at Hfs i framtida ikkje ville kunne forventa fornya avtale om institusjonsplassar, men ynskjer at me skal drive reine fosterheimar. 

Konklusjonen til styret er at det ikkje er økonomisk forsvarleg å etablera einfosterheimsteneste utan ein levedyktig institusjon og støtta seg til. Slik avtaleverket er utforma for det ideelle fosterheimsarbeid kan dette arbeidet ikkje stå på eigne bein. 

Oppsummering
Hardanger fartøyvernsenter har over mange år drifta ein fagleg god barnevernsinstitusjon der tilsette har ytt stor innsats for ungdommane i tiltaket. Me har ingen merknadar på drifta vår korkje frå fylkesmannen eller hjå kvalitetsavdelinga til Bufetat, problemet vårt er at me ikkje passar i kategoriane til Bufetat, me er ikkje ein rein institusjon og me er ikkje ein rein fosterheimsteneste. Avtaleverket i norsk barnevern manglar i dag naudsynt fleksibilitet for å nytte den unike modellen vår. 

Barn og ungdom er kvar og ein unike individ, og dei treng alle eit tilvære som er tilpassa til den dei er. Når Hardanger fartøyvernsenter no legg ned verksemda si, mistar norsk barnevern ein unik institusjon som opp gjennom åra har vore berginga for mange. Det er eit tap at det ikkje er plass til Hfs som ein del av eit mangfaldig barnevern. 

For meir informasjon kontakt:

Styreleiar Eva von Hirsch, tlf 97573153

Direktør, Trude Hoflandsdal Letnes, 41679533