Norsk English

M/S Gå På, eit nytt stort oppdrag for Hardanger fartøyvernsenter

Avtalen med Bømmelfjord A/S om reparasjons- og innreiingsarbeid på M/S Gå På er eit stort og viktig oppdrag for oss.

Om fartøyet:
M/S Gå På er eit tidlegare lasteskip, bygd på Farsund Slip og mekaniske verkstad i 1938. Skipet har i alle år gått på Vestlandet i mange ulike oppdrag. Bømmelfjord A/S eig fartøyet og ho er heimehørande i Haugesund og er brukt til turar med passasjerar og gjester.

Mål
Lengde    26 meter
Breide       6 meter
Djupne    2,9 meter
BRT        104 tonn

Om oppdraget:
Vi overtek oppdraget etter Dåfjorden Slipp, der reparasjonsarbeidet er starta. Båten er sidan flytta til Bømlo. Det må bytast kjølsvin, spant, hud, dekksbjelkar, dekk og leggjast dørk og skott til innreiing. Jobben er kalkulert til ca. 9 årsverk eller ca. 13000 timer frå no og fram til januar 2014.

Slippskuret er allereie under ombygging for å gjera plass til fartøyet under tak.

 

Flere bilder

  • Gaa Paa skutesiden, litt arbeid ventar
  • Gaa Paa kjølen. På bildet ser det ut som båten er litt kjølsprengt
  • Gaa Paa