Norsk English

Strandvegen tek form

Strandvegen frå Hardanger fartøyvernsenter og inn til Grova, sentrum i Norheimsund, er i arbeid igjen. No er det att nokre hundre meter i retning Grova.

I vakkert vinterver ligg sandskuta M/S Falksund av Stavanger og lossar sand i ein lekter medan gravemaskiner på land tek seg av overskotsmassar frå veganlegget mellom Norheimsund og Vikøy.

Til våren kan vonleg gjestene ved Hardanger fartøyvernsenter spasera langs stranda og nyta utsynet mot fjorden og fjella.

Velkomen til fartøyvernsenteret, seier vi.