Norsk English

Reipslagerfaget er godkjent som nytt lærefag

Kunnskapsdepartementet har vedteke at reipslagerfaget skal etablerast som nytt lærefag. Bakgrunnen for vedtaket er ein søknad frå Hardanger fartøyvernsenter.

Kulturnytt-redaksjonen i NRK gjorde nyleg opptak ved Hardanger fartøyvernsenter og det førte til fyldige innslag både i radio og i Dagsrevyen. Linken finn du nede på sida.

Ingunn Undrum er einaste aktive reipslageren i landet og tok til som lærling i 1998 etter ei intern ordning som er etablert ved fartøyvernsenteret i samarbeid med Kulturringen i Akershus. Sarah Sjøgren frå Danmark er no i lære ved senteret. 

- Godkjenninga og at det skal lagast ein godt gjennomarbeidd fagplan, vert eit viktig løft for faget og handverket, seier Ingunn Undrum. 

Små handverksfag har eit godt samarbeid i Norden og for reipslaging er godkjenninga i Norge viktig for det nordiske handverksmiljøet. Hardanger fartøyvernsenter fekk støtte for faget i heile Norden då det vart søkt om å få godkjent faget i august i fjor. I løpet av behandlinga har Fagleg råd for design og handverk, Samarbeidsrådet for yrkesopplæring og Utdanningsdirektoratet tilrådd faget, og framlegget fekk tilslutnad i ein høyringsrunde.På nyåret startar Utdanningsdirektoratet med å laga læreplan for faget, som vil byggja på Vg1 design og handverk og skal tilbyast som særløpsfag. Det vil seia eitt års opplæring etterfylgt av tre år som lærling i bedrift. Ingunn Undrum skal vera med i det arbeidet. 

Reipslagerfaget som handverk var fyrst og fremst knytt til seglskuter og sjøfart. Då kunstfiber overtok for naturfiber og tauverksproduksjonen vart industri, vart handverksfaget borte. Handverket vart teke opp att på slutten av 1970-talet. Etterspurnaden etter handslåtte, tradisjonelle tau i naturfiber har auka sidan den gongen.

- Me meiner det er eit behov for å læra opp nye reipslagarar slik marknaden er i dag. Med ei godkjent fagutdanning vert det lettare å halda ein jamn produksjon for å møta etterspurnaden frå eigarar av tradisjonelle båtar og fartøy. Ved restaurering av fartøy har det ikkje vore sett same krav til autensitet på tau som på andre delar av båten. Med ein auka og stabil produksjon av tau vert det lettare å stilla slike vilkår. Samstundes tek me vare på kompetansen i faget, legg Ingunn Undrum til. 

Fagkunnskapen i reipslaging vert også nytta i forsking og når historisk bruk av tau vert dokumentert og rekonstruert. I løpet av vinteren skal reipslagarmiljøet i Norden laga tau til draken Harald Hårfagre som vert bygt i Haugesund og kopien av Osebergskipet som vert bygt i Tønsberg.

Filer