Norsk English

Tau til Barcode seks

Alt tauverk til riggen til Barcode seks kopien er no ferdig slått på bana i Hardanger av reipslager Ingunn Undrum og lærling Sahra Sjøgren

Alt til ståande og løpande rigg er slått på bana i Hardanger. Dei ulike taua har ulik slagning (kor hardt tauet er slått), alt etter kva funksjon dei skal ha. Alt er slått i hamp, ståande rigg er i tjæra hamp.

Tauet er no på veg til Oslo der båten skal riggast opp av Norsk maritimt museum på Nesodden. Jobben har vore eit samarbeidsprosjekt med NMM.

Båten skal sjøsetjast på sjølve kulturminnedagen 11. september.

Forskningsprosjektet kan du lesa meir om.