Norsk English

Hardangerjakta Mathilde med den kulturelle skulesekken

Sjantisongar Håkon Vatle kjem med ein kulturell skulesekk full av song og forteljingar på toktet med "Mathilde" i Øygarden, Sund og Fjell i oktober og november.

 

I haust legg hardangerjakta Mathildet på eit fire veker langt museumstokt i regi av Den kulturelle skolesekken i Hordaland og Hardanger fartøyvernsenter. I år vert tilbodet gjeve til mellomtrinnet, for det meste 6. og 7. klasse, ved skulane i Øygarden, Sund og Fjell. Toktet tek til i Ovågen i Øygarden 4. oktober og vert avslutta i Fjell 4. november.

Som restaurert jakt har "Mathilde" segla langs den vestnorske kysten i 27 år, men ho er ei gamal skute som har mykje av si 127 årige historie knytt til fjord- og kystkulturen vår. Elevane som kjem om bord her får oppleve eit levande kulturminne. 

Dagen inneheld både frisk seglas og sjantisong og forteljingar. Håkon Vatle har ei tverrfagleg framsyning som inneheld song- og musikktradisjonen sjanti, forteljekunst og segner, kystkultur og sjømannshistorie. 

Målet for programmet hans er å gje opplevingar og kunnskap knytt til kystkulturen, sjømannslivet og ikkje minst musikkforma sjanti. Borna vert meir kjende med regionen si nære og viktige fortid innan sjøfart og sjømannsskap. Det vert samla i eit særskilt emne, "Sjø og sjanti", som ligg utanom den vanlege læreplanen.
Elevane vert merksame på at alt lokalt også er internasjonalt når det får høyra om sjømannsliv og vår eiga seglskutetid. Kulturutvekslinga som sjømennene stod for har forma nasjonen vår. Framsyninga til Håkon Vatle utfyller denne historia på ein god og meiningsfull måte.

Håkon Vatle har segla som jungmann, lettmatros, sersjant, båtsmann og sjantimann om bord på Statsraad Lehmkuhl i ein niårsperiode mellom 1996 - 2005.
Han er grunnleggar og sjantimann i Storm Weather Shanty som har drive aktivt sidan 2000 og gitt ut fleire plater. Håkon Vatle har i tillegg gitt ut solo plate med norske sjømannsviser som han fann, då han, som den fyrste i Noreg, skreiv ein mastergrad om sjantiar og sjømannssongar. Han har vore fleire gonger på turne med ein sjantifant på tokt og ser veldig fram til å framføra den om bord på hardangerjakta Mathilde.

 

Seglingsplan museumstokt 3. okt. - 25. okt. 2011

Veke 40

Måndag 3. okt. Tilrigging og gå Bergen - Ovågen 

Tysdag 4. - fredag 7. okt. base i Ovågen

4. okt. Alvheim - Bakken skule

5. okt Toftøy skule

6. okt Blomvåg skule

7. okt. Rong skule lærar Trine Telle Fredriksen,

Veke 42

Skogsvåg kai måndag 17. okt.

17. okt. Skogsvåg skule.

Tysdag 18. okt. - tysdag 25. okt. base Klokkarvik kai

18. okt. Sund skule, 6. - 7. klasse,

19. okt Stranda skule, 6. klasse,

20. okt. Telavåg skule, 6.-7. klasse

21. okt. Glesnes skule, 6. - 7. klasse

Veke 43

24. okt. Pollen skule, 6. - 7. klasse

25. okt. Tofterøy skule, 5. - 7. klasse

26. okt. Foldnes skule, 7. klasse a

27. okt. Foldnes skule, 7. klasse  b

28. okt. Bratholmen skule 7. klasse b

Veke 44

31.okt.  Brattholmen skule 7. klasse a

01. nov. Liljevatnet skule

02. nov. Koltveit skule

03. nov. Knappskog skule