Norsk English

Mathilde seglar på Sørlandet i 2012

Mathilde vendar nesa sørover. Me håpar at me får sjå lettkledde om bord i 2012. I 2011 var det meir vottar og lue som var i vinden enn bikinioverdelar.

Ungdoms/båtførarprøventokt i samarbeid med Redningsselskapet
veke 26 Bergen - Haugesund

Det var suksess å ha båtførarprøvetokt saman med Redningsselskapet. I år går toktet til Haugesund. Det kjem meir info med link til Redningselskapet når det er klart. Redningsselskapet har påmeldinga til dette toktet.

Det er alltid vanskeleg å skrive om tokta. Me kan skrive om Ågerøya, om Mærdø, Lyngør og Risør. Alle desse vakre uthamnene som Sørlandet er kjent for. Me kan skrive om sol, sommar og bading. Me kan skrive om seglegleda når segla står fint og solgangsbrisen får fart på skuta. Så er alt som det pleiar å vera. Tokta er opne og siste kvelden før toktet så klør skiparen seg i skjegget. Vind og vær kan gjera at me seglar forbi Ågerøya, og da er det så dumt å ha skreve om det på førehand. Det kan regna og det kan vera vindstille.
Det me veit er at me får om bord en flott gjeng med folk som alle legg breisida til for at me skal ha det godt i lag. Alle bidreg med sitt. Mathilde vil igjen ha noen folk i riggen og noen som sitter på skipskistene og løyser verdsproblem. Tokta er reiser i historie til Mathilde og reiser i historia til kysten me seglar langs. Noen sit stadig med kikkerten og studerer fuglelivet.  Det er møter mellom folk og møter med stader. Det er utfordringar den einskilde finn i livet om bord, om det er på dekk eller i riggen.

Velkomen om bord.

Jentetokt 1 veke 28 frå Mandal til Kristiansand

Strekket øst for Kristiansand er underkjent. Kan det ha noko å gjera med at det er så langt frå Bygdøy Alle? Me skal i alle fall nyte det. Veret avgjer kor hen me set kursen den veka.

Toktpris kr 5250.- dekkar full kost og losji i fem dagar. Medseglarar må vere om bord kl 11 på måndag og tokta avsluttar ca kl 16 på fredag.

Jentetokt 2 veke 29 frå Kristiansand til Tønsberg

Dette toktet vil nok satse ekstra på solgangsbrisen. Dette strekket vert rekna av mange som det flottaste. Mange lune hamner og sund og holmar skal me nyte.

Toktpris kr 5250.- dekkar full kost og losji. Medseglarar må vere om bord kl 11 på måndag og tokta avsluttar ca kl 16 på fredag.

Opent tokt veke 30 frå  Tønsberg til Kristiansand
Kystens landsstemne på Bragdøya

Det er utroleg kjekt å ha alle aldre og begge kjønn om bord. Det vert eit lite samfunn som er på tur, og alle finn sin plass og sine små eventyr. Me gler oss til å avslutta på Kystens landsstemne.

Toktpris kr 5250.- dekkar full kost og losji. Born får 25% rabatt. Medseglarar må vere om bord kl 11 på måndag og tokta avsluttar ca kl 16 på fredag.

Har du tips eller noko du lurer på, så håpar vi at du tek kontakt.
Ring gjerne 56 55 33 50.

Me tek atterhald om endringar

Flere bilder

  • Redningsvest er ingen hindring i å sleike gryta.
  • Bestemor Ida i riggen
  • Kveldsmaten vert servert til kortspel på byssetaket
  • Vi kaster loss skværseilet.
  • Kreativ mannskap rigger hekksbåten.
  • Mat og hodeplagg