Norsk English

Mijøfyrtårnsertifikat til Hardanger og Voss museum

Fredag 26. august overrekte ordførar i Kvam Astrid Farestveit Selsvold det synlege provet på at Hardanger fartøyvernsenter er som ein del av Hardanger og Voss museum, miljøfyrtårnsertifisert.

Museet tek med dette aktivt miljøansvar og vil på denne måten bidra til eit større miljøengasjement i samfunnet. Dette inneber mellom anna strenge krav til miljøet i eiga verksemd og at underleverandørar med miljøfyrtårnsertifikat blir prioriterte. Det vil igjen føra til større miljømerksemd i andre verksemder.

Arbeidet med å få museet sertifisert har pågått i om lag to år og vart sett i gang etter initiativ frå dei tilsette. Ordføraren understreka at statusen forpliktar og er berre starten på ei godt og forpliktande arbeid for betre miljø.

Sertifikatet som er sett inn i glas og ramme vart, overrekt på framdekket av ferja Folgefonn 1 som er det nyaste fartøyet til museet og det einaste i flåten til fartøyvernsenteret som er freda av Riksantikvaren. Ordføraren hadde med seg tre gjester frå Marijampole, som er Kvam sin venskapskommune i Litauen. Gjesten fekk omvising på fartøyvernsenteret.

Miljøfyrtårn er ei konkret og relevant sertifiseringsordning for små og mellomstore verksemder der føremålet er å heva miljøprestasjonen så det monarr. Gjennom dei siste ti åra har Miljøfyrtårn utvikla seg frå å vera eit kommunalt program i Kristiansand til å bli ei nasjonalt anerkjent ordning.

Utfyllande bildetekst:
Dei tilsette ved fartøyvernsenteret stiller seg bak det synlege provet på at verksemda er miljøfyrtårn. I fremste rekkje ordførar Astrid Farestveit Selsvold mellom direktør Trude Hoflandsdal Letnes og ass. direktør Geir Madsen i Hardanger og Voss museum. Heilt til venstre varaordførar Sigitas Valancius og rådmann Metas Razinskas i Marijampole. Til høgre hovudverneombod Kasper Krogh Hansen, Hardanger og Voss museum og turistsjef Neringa Valiukeviciene, Marijampole.

 

Sjå www.miljofyrtarn.no

Flere bilder

  • Miljøfyrtårn. Direktør Trude H. Letnes, ordførar Astrid Selsvold, Ass dir. Geir madsen og styreleiar Lasse Djupevåg
  • Overrekking av sertifikat. For meir info sjå i sjølve artikkelen.
  • Miljøfyrtårn, direktør trude Letnes og ordførar Astrid Selsvold