Norsk English

Maritimt verktøyseminar

Det vert maritimt verktøyseminar 21. - 23. november på Hardanger fartøyvernsenter. Tema vert måleverktøy, målemetodar og oppmerking i båt- og fartøybygging. 

Hardanger fartøyvernsenter har som mål å skipa til eit handverksseminar i året. Me vil fylgja opp det vellukka seminaret me hadde i november 2010. Då tok me for oss bruk av høvel og kvar deltakar fekk laga ein høvel.

I år vert temaet oppmåling, måle- og merkeverktøy. Me legg opp til eit seminar for fagfolk som driv med båt- og fartøybygging, tilsette ved museum som driv med registrering og forvalting innan dette fagområdet, andre kulturarbeidarar og handverkarar som vil setja seg meir inn i fagfeltet.

Påmeldingsfrist 14. oktober. Me ber dykk spreia innbydinga vidare til personar og miljø som kan vera interesserte i temaet. Påmelding til info@fartoyvern.no.

Filer

Flere bilder

  • Peder Viken sitt meddrag
  • Ivar Ravnestad med loddskiva
  • Per Alvestad med båtalen