Norsk English

Buføring av geiter ut til Sandvenholmen

Norheimsund barnehage har ein maritim profil og det fører til eit fruktbart og kjekt samarbeid med Hardanger fartøyvernsenter.

Torsdag 25. august fekk bukkane som har gått ute på holmen selskap av fem små bukkekje. Holmen treng rett og slett fleire beitedyr.

Småbåtar har vore brukt til å frakta dyr til og frå beite i lange tider. Hardanger fartøyvernsenter har frakta dyr i robåt tidlegare, men det var sauer som var vane med båt. Vi var litt spent på korleis kjea som aldri har vore nær ein båt ville reagere på å verta frakta i båt. Dei greidde sjølivet fint.  Barna syntes det var veldig stas med Lykke, Børre, Casanova, Håkon og Ulrik.

Tusen takk til Inger Lise Tollefsen og Ada frå Åse i Tørvikbygd som kom med geitekillingane. Vi håpar dei klarer å ta unna litt vegetasjon på holmen. 

Flere bilder

  • Åttæringen lastes med fem små geitebukker
  • Dette er ikke noe å lage styr av. Geitene har det fint
  • Her ser vi følget på vei til Sandvenholmen og grønt gra
  • Velkomstkomiteen står klar. De to store bukken som har gått på holmen er spente på hva som kommer på besøk.
  • Her er det grundig inspeksjon og definering av rangordningen.
  • Lise Lott og gjeitene har funnet tonen. lavooen som er satt opp på holmen i bakgrunnen.
  • Nå er det snart klart for nistematen. geitene har slått seg til ro.
  • Det ser ut som om killingene har lyst til åvære med matmor tilbake igjen.