Norsk English

Kom om bord i den freda ferja Folgefonn 1

Den freda ferja Folgefonn 1 er ein ny attraksjon ved Hardanger fartøyvernsenter. Ho er eit museumsfartøy og skal restaurerast over fleire år. Ferja er open for publikum, og i tillegg til å oppleva ei autentisk ferje frå 1938 kan du sjå ei utsilling om HSD og filmen Då sjøen var vegen.

Hardanger fartøyvernsenter er eit maritimt senter som legg vekt på at gjestene skal få sjå handverkarane i arbeid. Alle verkstadane (smie, reiparbane, båtbyggjarverkstaden og restaureringsverftet) er ope for besøkjande.

Det er mykje å finna på. Du kan byggja ein leikebåt, slå ditt eige hoppetau eller løysa mange spennande oppgåver i  aktivitetsløypa med postar over heile området. Løypa har tekstar på norsk, engelsk og tysk. Robåtane våre ligg klare og du kan leiga dei for ein rotur. Me syner filmar og har ein koseleg kafé med god mat

Fartøyvernsenter har ope for publikum kl. 10 - 17 kvar dag til 4. september.  Kafeen er open i same tidsrommet. Kvar heile time i sesongen (kl 11, 12 ,13, 15 og 16) har me omvising på museumsverftet. Norsk og engelsk etter ønskje. Tysk bør bestillast på førehand. Omvising utafor sesongen må bestillast på førehand, tlf. 56553377 eller 56553350. Det er laga skriftlege vegvisarar på norsk, engelsk, tysk og fransk.

Flere bilder