Norsk English

Ledige stillingar: Miljøterapeutar

Hardanger fartøyvernsenter har ledig to 100 % stillingar: ein fast stilling og eitt års vikariat med muligheit for fast tilsetting.

MeHardanger Fartøyvernsenter er ein offentleg godkjent ideell barnevernsinstitusjon med plass til 7 ungdommar mellom 16 og 18 år, og er godkjent etter § 4-4, 5 ledd eller 4-12, og §4-24 og 4-26. Institusjonen har ein tredelt modell med fokus skule/opplæring, aktiv fritid og ein trygg omsorgsbase med eigne bofamiliar for alle ungdommane.

Stillinga inngår i den miljøterapeutiske staben der arbeidet er organisert i team rundt den einskilde ungdommen. Stillinga skal gjennom miljøterapeutisk arbeid auka den sosiale kompetansen, fremje vekst, gje meistringsopplevingar og styrka sjølvkjensla hos ungdommane. Det tillegg stillingane hovudkontaktansvar som mellom anna inneber teamleiing, og koordinering mellom ulike involverte instansar.

Bakgrunn/kvalifikasjonar:

  • Sosialfagleg høgskuleutdanning, eller annan relevant kompetanse
  • Sosialfagleg praksis ein føremon
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Upletta vandel / politiattest

 

Me kan tilby:

Hardanger fartøyvernsenter er ein del av Hardanger og Voss museum og dermed ein mangfaldig arbeidsplass som både driv barnevern, fartøyvern og museum.

Hardanger og Voss museum er Miljøfyrtårn og ein IA verksemd, og tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom hovudtariffavtale med HSH.

Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar.

Tilsetjing snarast/ etter avtale.

Spørsmål i høve stillingane kan rettast til avdelingsleiar ved Ungdomsavdelinga

Terje Langeland på tlf. 56 55 33 50 el. mobil 97564258

Søknad med cv, relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til:

personal@hardanger.museum.no

eller til Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund innan 25. juli 2011 Merk søknad Personal.

Flere bilder