Norsk English

Fartøyvernkonsulent i 100% fast stilling

Verftformann Morten Hesthammar, Ove Losnegård, fartøyvernkonsulent Karsten Mæhl, Aksel Bjelke og leiar for fartøyvernavdelinga Åsmund Kirstiansen i fagleg samarbeid.

Morten Hesthammer, Karsten Mæhl og Åsmund Kristiansen søkjer ny kollega.

Arbeidsoppgåver:
Rådgjeving og dokumentasjon i samband med antikvarisk istandsetting, synfaringar, prosjektoppfølging, tilrettelegging, kompetansebygging, formidling. 

Kvalifikasjonar:
 Vi søker etter kandidatar med:  
- handverksfagleg eller teknisk bakgrunn 
- og/eller kulturhistorisk utdanning. 
Dokumentert relevant realkompetanse kan kvalifisera til stillinga. Erfaring innan arbeid med kulturminnevern vert lagt vekt på. Positiv innstilling til intern og ekstern rådgjeving og service.
Stillinga inneber noko reiseverksemd.

Personlige eigenskapar: Vi ønskjer oss ein engasjert og omgjengeleg medarbeidar som arbeider effektivt med fleire parallelle prosjekt, og med god evne til å tenke langsiktig. Vi legg vekt på høg fagleg kvalitet. Viktige eigenskapar for stillinga er god skriftleg og munnleg formuleringsevne.   

Vi tilbyr: 
Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.  
Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
God pensjonsordning.
Hardanger og Voss museum er IA-verksemd.
Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 
Stillinga inneber noko reiseverksemd.   

Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til avdelingsleiar ved Fartøyvernavdelinga, Åsmund Kristiansen, tlf 91 74 68 11. 

Send søknad til Hardanger fartøyvernsenter, pb. 53, 5601 Norheimsund, eller på e-post til personal@hardanger.museum.no innan 20. mai 2011.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 





























Flere bilder