Norsk English

Møte mellom samferselsveteranar sundag 15. mai

Velkomen til sesongopning. Me feirar at M/F Folgefonn 1 vert teke i bruk som museumsfartøy ved Hardanger fartøyvernsenter.

Alexander Ytteborg, sjef for Seksjon for fartøy og tekniske kulturminne hos Riksantikvaren, markerer at M/F Folgefonn 1 vert freda. Ombord på ferja vert det opna ei utstilling om Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) si soge, som byggjer på ei utstilling laga av Sunnhordland museum.

I dette høvet er også dei tradisjonsrike HSD-skipa D/S Stord I og M/S Granvin ved Hardanger fartøyvernsenter. Alle dei tre tidlegare HSD-fartøya vert tekne vare på og restaurerte. D/S Stord står på vernelista medan M/S Granvin og M/F Folgefonn I skal fredast. Veteranbussmiljøa i fylket vil også vera med på det særskilde møtet. Til saman fem veteranbussar frå Odda, Kvinnherad, Bergen og Kvam kjem til Norheimsund lasta med entusiastar.

Sesongopninga vert ein svært variert dokumentasjon av samferdselshistorie i Hordaland. Det vert høve til å vera med på tur på fjorden med M/S Granvin. På ettermiddagen kan dei som vil, løysa billett til Bergen. Andre kan ta båten til Fosse i Strandebarm og få skyss med veteranbuss attende til Norheimsund. 

Program 

Kl 10.00 Hardanger fartøyvernsenter opnar portane..

Kl 11.00 - 12.30 Fjordtur med M/S Granvin. Vaksne kr 50,00, born halv pris

Kl 12.00 Veteranbussar kjem frå Kvinnherad, Odda, Bergen og Ålvik. Parkering v/ ICA 

HSD-veteranbuss frå Ålvik kl 11.00. Tek med lokale passasjerar. Vaksne kr 50,00.

BHV-veteranbuss frå Bergen Bystasjon kl 10.00. Køyrer innom terminalane på Åsane og Arna. Plasstinging på epost: konglev@online.no eller telf 91681398.

Dei som kjem med veteranbussar og M/S Granvin betalar 50 kroner i inngangspengar. 

Kl 12.30 Offisiell opning av M/F Folgefonn I

Direktør Trude Hoflandsdal Letnes ynskjer velkomen

Alexander Ytteborg, sjef for Seksjon for fartøy og tekniske kulturminne hos Riksantikvaren, opnar utstilling om HSD si historie og markerer at M/F Folgefonn1 vert freda.

Norheimsund musikklag spelar

Opne fartøy og opne verkstadar

 Kl 13.00 Sosiolog Erik Fossåskaret fortel om ferjer: "Ferjene let oss reisa anføtes - føydde saman folk og fjordar"

Kl 14.00 Leiar ved fartøyvernavdelinga ved fartøyvernsenteret Åsmund Kristiansen fortel om restaureringa av D/S Stord I, om bord på båten.

Kl 15.00 Hardanger fartøyvernsenter har bygt ny livbåt til M/S Granvin. Livbåten vert overlevert. Båtbyggjar Peter Helland-Hansen fortel om bygginga og båten.

Kl 15.15 M/S Granvin går til Bergen.

Båten tek med passasjerar. Lokal rute til Fosse. Veteranbuss attende til Norheimsund. Billettar: Til Fosse kr 50, til Bergen kr 150. Buss frå Fosse kr 50. 

Matservering heile dagen i vår kafe, Kari Louise, om bord i D/S Stord I og M/F Folgefonn I

Om bord på D/S Stord I vert det servert betasuppe.



 





Flere bilder