Norsk English

Riksantikvaren freda M/F Folgefonn I

Alexander Ytteborg, sjef for Seksjon for fartøy og tekniske kulturminne hos Riksantikvaren, markerte at M/F Folgefonn 1 vart freda under sesongopninga ved Hardanger fartøyvernsenter sundag. Ombord på ferja vart det også opna ei utstilling om Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) si soge, som byggjer på ei utstilling laga av Sunnhordland museum.

Til saman var fartøyvernsenteret vitja av om lag 500 menneske som fekk ei minnerik oppleving om samferdselshistorie. I hamna låg tre stolte veteranskip, D/S Stord 1, M/S Granvin og M/F Folgefonn I frå tidlegare HSD, side om side. Ein god del av gjestene kom standsmessig med veteranbussar frå Odda, Kvinnherad, Bergen og Kvam.

Sesongopninga vart ein svært variert dokumentasjon av samferdselshistoria i Hordaland. M/F Folgefonn vart teke i bruk som formidlingsarena med HSD-utstilling og ikkje minst då sosiolog Erik Fossåskaret inviterte til forteljestund i ferjesalongen frå 1938. Det vart to tettpakka framsyningar i ein eim av nysteikte vafler og kaffi. Erik som sjølv har vore billettør på ferja kjem igjen under trebåtfestivalen.

Om bord på D/S Stord 1 var det også omvising. Leiar ved fartøyvernavdelinga Åsmund Kristiansen fortalde om restaureringa av innreiing og treverk i den gamle dampbåten. Dei aller heldigaste fekk servert betasuppe i salongen på 1. klasse.

Dagen starta som seg hør og bør med hornmusikk av Norheimsund musikklag. Avrundinga var maritim. Småbåtavdelinga ved senteret har bygt livbåt til M/S Granvin og båtbyggjar Peter Helland-Hansen overleverte båten til eigaren før M/S Granvin kasta loss med kurs for Fosse og Bergen. Dei som nytta dagen godt, fekk til og med ta veteranbuss attende frå Fosse til Norheimsund.

Flere bilder

  • Kø ved paviljonen; og mye verre skulle det bli når 500 skulle inn på fartøyvernsenteret. Foto: Signe Holst-Larsen
  • Erik Fossaskaret heldt føredrag om bord på FolgefonnI. Vår nye storstue er innvidd. Foto Signe Holst-Larsen
  • Mange tok turen om bord i Stord I
  • Utstillinga om bord i Folgefonn I skal stå heile sommaren.