Norsk English

"Folgefonn I"er komen heim!

2. påskedag kom endeleg veteranbåten "Folgefonn I" inn til si nye heimehamn på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund. Eit seks år langt heimføringsprosjekt frå ide til gjennomføring er til endes.

I juni 2010 blei ferja på spektakulært vis frakta frå London til Noreg av Eide Marine Services. Sidan har Folgefonn I lege i Dåfjorden for å utføre naudsynte reparasjonar slik at ho trygt kan ligge i museumshamna på Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

I åra framover skal ferja møysommeleg restaurerast. Riksantikvaren har løyvd midlar til prosjektet og vedteke at Folgefonn I skal fredast, noko som gjev prosjektet den høgaste vernestatusen ein kan få.  Private sponsorar som Sparebanken Vest og Stiftelsen Uni støttar også restaureringa.

Veteranslepebåten "Vulcanus" slepte "Folgefonn I" frå Dåfjorden til Norheimsund.

Tide Sjø si ferje "Folgefonn" som trafikkerer ruta Gjermundshavn-Løfallstrand møtte slepet midtfjords, og helste namnesystra si med tre lange støt i fløyta. Ferja hadde heist det gamle HSD-flagget til ære for gamleferja, og fulgte slepet nokre minutt til stor glede for passasjerane om bord.

"Folgefonn I" vert opna for publikum på  Fartøyvernsenteret sundag 15. mai, der også HSD-båtane "D/S Stord I" og "M/S Granvin" deltek saman med fleire veteranbussar frå gamle HSD.

M/F "Folgefonn" vart levert til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i 1938, og gjekk i trafikk fram til 1979 då ho vart selt til England der ho sidan har vor klubbhus for Erith Yacht Club i London. I 2010 vart ho kjøpt av Hardanger og Voss museum.

Hardanger fartøyvernsenter ser på heimføringa av "Folgefonn I" som ein viktig milepåle for senteret og ei viktig brikke i vidare utviklingsplanar. Ferja vert ein del av pulikumstilbodet og vil syne vestlandet si kommunikasjonshistorie som lenge var nært tilknytt HSD.

I samband med prosjektet vert venelaget Folgefonn fartøylag stifta. Nokre medlemmer frå laget var med på turen til Norheimsund og alle gamle og nye medlemmer er velkomne til å ta del i vernearbeidet framover.

For meir opplysningar kontakt:
Assisterande direktør Hardanger og Voss Museum og prsosjketleiar for Folgefonn I; Geir Madsen, tlf. 48994241

Alle foto: Viggo Nonås.

Flere bilder

  • Folgefonn på fartøyvernsenteret
  • Folgefonn under slep
  • Folgefonn, FolgefonnI og Vulcanus