Norsk English

Selskinnsreip er eit steg på veg til kvalrossreip

Reipslager Ingunn Undrum har samarbeidt med fleire før ho no reiste til Sintef i Trondheim for å styrketeste selskinnreip.

Reipslager Ingunn Undrum og lærling Sarah Sjøgren frå Hardanger fartøyvernsenter har saman med Carsten Hvid, reipslager frå Vikingeskibsmuseet i Roskilde i Danmark, vore ni dagar på Fosen folkehøgskule og slått selskinnsreip. Det blei produsert sju reip av storkobbe. Fembøringen Skårungen skal få rigg med selskinnsreipa og segla til Lofoten i mai med skulen sine elevar. Før me sende elevane avgarde med rigg i selskinnsreip, vart reipa styrkeprøvast på Sintef i Trondheim. Rapport kjem seinare.

Kvalrossreip

Draken Harald Hårfagre som er under bygging i Haugesund skal riggast med kvalrossreip. På Grønland jaktar dei på kvalross no i mars. Skinnet av kvalrossen skal brukast til reip. Planen er at draken Harald Hårfagre skal sjøsetjast sommaren 2012 og dra ut på sitt fyrste tokt i 2013. Bygginga kan fylgjast på http://dno.vikingkings.com/

Utprøvinga av selskinnsreipa på Skårungen er viktig når det skal lagast kvalrossreip på draken. HFS samarbeider med Vikingeskibsmuseet i Roskilde og Viking Kings som byggjer draken, om forprosjektet med selskinnsreip og sjølve hovudprosjektet som er rigging av draken med kvalrossreip.
Dette er veldig spennande for oss på Hardanger fartøyvernsenter og viser kor krevjande det er å nøsta opp i kunnskap som er i ferd med å forsvinna.



Flere bilder

  • Ferdig kveil med selskinnsreip
  • Selskinnkordel som er spola opp og kvernsteinen som er lodd under bråkinga som er mykgjeringa av reipet.
  • Reipet blei slått på tradisjonellt vis på ei bane.
  • reipslagar Ingunn Undrum sjekkar om reipet er mykt nok, eller om det må bråkast meir.