Norsk English

Museumstokt om jaktefart og jaktebygging

I samband med jubileet til Hardanger folkemuseum vil Hardanger fartøyvernsenter fortelja om jaktefart og skipsbyggingshistorie. Museumstokt med hardangerjakta Mathilde starta tysdag 29. mars.

Skular i Hardanger har fått tilbod om å vera med å segla den 127 år gamle jakta ein skuledag. Om bord på Mathilde har me maleri av skuter frå Hardanger som me brukar som utgangspunkt for å fortelja om fartøybygging og jaktefart. Elevane får også sjå biletspelet Nordlandsfarten som viser kor viktig jaktene frå Hardanger var i fraktefarten langs heile kysten.

På kvart tokt har me plass for ein skuleklasse og dei lærarane som høyrer til. I utgangspunktet er tilbodet for 7. årstrinn. Det er greitt at elevgrupper som til vanleg arbeider i lag, også er saman på Mathilde, frå små skular vert også yngre elevar med.

Ombord på Mathilde møter elevane mannskapet på hardangerjakta. På dekk vil dei få ei grundig gjennomgang av tryggleiken på sjøen. Dei får så instruksjon i sjømannskap og korleis arbeidet om bord er fordelt.

Deretter får dei vita om skipsfartshistorie og dei får sjå biletspelet Nordlandsfarten som vert vist i rommet. Det utfyller forteljingane til mannskapet og set transporten langs kysten og i fjordane for kring 100 år sidan inn i historisk perspektiv.

I høveleg ver vert det sett av tid til segling. Det er ei stor oppleving når motoren vert slått av, vinden fyller segla og den store jakta skyt fart.

Mathilde har segla museumstokt på seinvinteren og hausten kvart år sidan jakta var ferdig restaurert i 1989. Tokta er støtta av Hordaland fylkeskommune og har ulike tema frå år til år.

Seglingsplan

Veke 13
Tysdag 29. mars Kinsarvik kai
Onsdag 30. mars Hovland kai
Torsdag 31. mars Tyssedal kai
Fredag 1. april Nå kai

Veke 14
Måndag 4. april Øystese kai
Tysdag 5. april Lofthus kai
Onsdag 6. april Ålvik kai
Torsdag 7. april Utne kai
Fredag 8. april Øystese kai

Veke 15
Måndag 11. april Jondal kai
Tysdag 12. april Fosse kai, Strandebarm
Onsdag 13. april Tørvikbygd kai
Torsdag 14. april Framnes kai
Fredag 15. april Norheimsund kai

Veke 17
Onsdag 27. april Eidfjord kai
Torsdag 28. april Ulvik kai
Fredag 29. april Granvin kai

Tidsplan for toktet
09.00 Oppmøte, Mathilde ligg ved ein kai nær skulen
09.00 - 10.30 Opplæring i tryggleik, sjømannskap og førebuing for segling
10.30 - 11.00 Sjøfartshistorie og biletspelet om Nordlandsfarten
11.30 - 12.00 Matpause, mannskapet serverer varm drikke
12.00 - 13.00 Segling
13.00 - 13.30 Mathilde legg til kai, avslutning

Flere bilder