Norsk English

Mathilde i sitt rette element

Mathilde er etter ein vinter på land igjen sjøsett frå slippen i Norheimsund. Kjølsvin er skiftet og noko hudplank på styrbord låring, ved stamnen på styrbord og i nedre speil i hekken. Ei rekkestøtte på styrbord ved byssa blei også skiftet. Undervasskroget er drevet opp. Båtbyggjarane melder at ho er i god stand, men at det merkes at det no er 22 år sidan ho vart restaurert ved Hardanger fartøyvernsenter.

Under følgjar ein liten bildekavalkade frå sjøsetting som var måndag 28. februar.

Nå gleder vi oss til seglingssesongen startar.

Flere bilder

  • Mathilde
  • Her er ho vel fortøyd ved kaia si utanfor Solheimsverkstaden. Klyverbommen er alt på plass.
  • Mathildehekken på veg ut i fjorden.
  • Vakre damer har vakre former