Norsk English

Maritime handverkskurs under Hardanger trebåtfestival

Kursa blir haldne same veka mellom 14. og 18. juni og er delvis overlappande. HFS serverer felles lunsj til alle kursdeltakarane.

Alle kursa avsluttar laurdag ettermiddag. Laurdag vil verta ein flott dag å koma og sjå kva kursdeltakarane har utretta!

Det vert tre kurs under Hardanger trebåtfestival 2011. Smiing, laging av rundholt og reipslaging. Det kjem andre kurs i løpet av året og info vert lagt ut fortløpande.

Kurs i smiing

På kurset, som eignar seg for nybyrjarar, vil me læra nokre enkle teknikkar i smiing. Det vil vera å varma opp emna, strekkja, bøya og flata ut emne. Ved hjelp av varme og banking skal me lage lysestakar og krokar ut av råemna.
Deltakartal: inntil 6 personar. Kurset startar fredag 17. juni og er ferdig laurdag ettermiddag.
Pris kr 2 400,- inkl. materialar og lunsj kvar dag.

Lag din eigen rundholt (mast, bom o.l.)

Kurset varer i fem dagar, og me vil få ei innføring i kva slags materiale som eignar seg til rundholt, tommelfingerreglar for dimensjonering og utforming, verktøybruk, vedlikehald av rundholt og få kjennskap til dimensjonering av riggdetaljar. Med avgrensing i lengde til 12 -13 meter vil deltakarane kunna forma sin eigen rundholt i løpet av kursdagane.
Kurset startar tirsdag 14. juni og er ferdig laurdag ettermiddag.
Deltakartal: inntil 6 personar. Pris: kr. 6 000,- inkl. lunsj kvar dag. Emne til rundholt vil koma i tillegg.

Reipslaging

Deltakarane vil læra seg å slå tau for hand. Reiputstillinga på fartøyvernsenteret vil vera utgangspunkt for teoridelen. Ein lærer om ulike materialar som har vore brukt og utviklinga av reipslagingsteknikkar. Ein del av kurset tek føre kva dei enkelte taua både i teknikk og materialar er eigna til. Kurset høver for dei som ønskjer å bruka det til vidareformidling.
Deltakarane produserer hampegarn, slår tau og lagar apeneve. Målet er at alle kan få med seg ei kasteline.
Kurset går frå fredag 17. til laurdag ettermiddag 18. juni.
Kurset passar for mellom 5 til 10 deltakarar.
Pris: kr 2 400.- inkl. materialar og lunsj kvar dag.

For meir info om Hardanger trebåtfestival.



Flere bilder

  • greing av hestehaar
  • årer på tofte
  • halvmodell
  • masteemner
  • glødende-skjøt-og-hammer-beskjært
  • seppe og glødende kringle liggende