Norsk English

Lærling i trebåtbyggjarfaget

Me søkjer etter lærling i trebåtbyggjarfaget

Bakgrunn/ kvalifikasjonar:

  • Formelle kvalifikasjonar, som vidaregåande utdanning frå båtbyggjarfag (Vg 2), alternativt VK I/VK II fra trebåtbyggjar/snekker/tømrar. 
  • Praksis frå desse faga, eller nærliggande fag. 
  • Arbeid eller kurs relatert til båt.
  • Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk. 

Me kan tilby:

Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved eit aktivt nasjonalt fartøyvernsenter som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Læretida vil hovudsakleg skje på arbeid med verna og freda fartøy. Noko reising må du rekne med

Læretid vil vere avhengig av godkjend skulegang og praksis. 

Løn etter avtale.

Tilsetjing snarast / etter avtale. 

Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til: personal@hardanger.museum.no eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund innan 31.12.11.

Spørsmål i høve stillinga kan rettast til Avdelingsleiar Åsmund Kristiansen,  tlf . 91 74 68 11.