Norsk English

Båtbygging med utstilling om trekonstruksjonar i Basse Normandie

Hordaland er venskapsfylke med Basse Normandie i Frankrike. Det resulterer mellom anna i ei stor vandreutstilling om bruk av tre i konstruksjonar. Utstillinga vart opna 5. november. Vår båtbyggjar Peter Helland-Hansen og Berit Osmundsen frå Oselvarverkstaden sto i ei gammal kyrkje i Caen og viste korleis klinkbygde båtar har vore bygde i Hordaland sidan vikingtida. Ein viktig del av utstillinga er også seksæringen "Sunniva" som Peter bygde i 2001 ved Muse'e Maritime de l'lle Tatihou i Basse Normandie som også eig båten.

Utstillinga om bruk av tre i konstruksjonar er ei vandreutstilling som samanliknar bruk av tre i mellom anna bygningar og båtar i Normandie og Hordaland frå før vikingtida og fram til moderne konstruksjonar. Opninga er såleis ein del av ein stor festival som markerer at det er 1100 år sidan Gange-Rolv med sine normannarar invaderte denne delen av Frankrike.

Arbeidet med utstillinga vart organisert i Caen. Frå Hordaland si side er det Museumssenteret i Hordaland i Salhus som har hatt hovudansvaret i samarbeid med Stiftelsen Bryggen, Oselvarverkstaden, Hardanger fartøyvernsenter og sjølvsagt fylkeskommunen. Utstillinga skal vandra i Normandie i eit par år før ho kjem til Hordaland.

I utstillinga er det sett fokus på vernefilosofi og metode for vidareføring av kunnskap knytt til immateriell kulturarv med døme frå fartøyvern, båtbygging, tradisjonell husbygging, skogsarbeid m.m. I tillegg til presentasjon med tekstar og bilete på panel sendte me nedover ei stor samling av tradisjonelt båtbyggjarverktøy.

Hardanger fartøyvernsenter har hatt samarbeid med Normandie tidlegare. Det starta midt på 1990-talet då Yannick Favro fekk bygd tiæringen "Thorvald " vinteren 1996/97. Båten vart rigga med råsegl som på vikingskipa. Saman med mannskapet sitt segla "Thorvald" via Irskesjøen til La Riche på ettersommaren 1997. Der har mange gjester fått gleda av å segla med båten. No står "Thorvald", sjå biletet, og minner om eit lite vikingskip utafor museet i Bayeux.

I 2001 fekk Favro bygd "Snorre" som også er rigga med råsegl og er ein "søsterbåt" av seksæringen "Sunniva" som vart bygd ved Muse'e Maritime de l'lle Tatihou same året.

Dei som vil orientera seg litt om det som skjer i Caen, kan fylgja med her:
http://expo-musee.sorties.francetv.fr/peinture/meeting-point-wood-exposition-musee-de-normandie-de-caen-caen-ide-731fcb401

Utstillinga er ein del av Borealesprogrammet i Caen:
http://www.crlbn.fr/wp-content/uploads/2009/01/Boreales-web-complete.pdf

Peter Helland-Hansen var svært nøgd med opphaldet i Normandie.