Norsk English

Olav Thon på tur med Faun

Olav Thon satsar i Norheimsund og har kjøpt Sandven hotel.

Overtakinga av Sandven hotel vart feira med en båttur. Thon og fylgjet hans steig ombord i motoryachten Faun ved flytebrygga i Norheimsund og var med en liten time på fjorden. Sprekt gjort i tildels tjukt snøfok og kald vind! Assisterande direktør ved Hardanger og Voss museum, Geir Madsen, viste fram Norheimsund sin strandlinje og la vekt på at strandpromenaden som bind hotellet i Norheimsund saman med Hardanger fartøyvernsenter, gir betre høve til samarbeid.

Vi har tru at det har mykje å seia at Olav Thon ser potensialet i regionsenteret Norheimsund som er innfallsporten til Hardanger frå vest. Framhaldet vert spennande. Vi gledar oss.

Flere bilder