Trebåtbyggjar

Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. Senteret er lokalisert i Norheimsund og har omkring 40 medarbeidarar

Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar som TREBÅTBYGGJAR 

Arbeidsområde:

  • Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna og freda fartøy. 
  • Instruksjon av lærlingar

 

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som trebåtbyggjar. Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon. 
  • Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk. 

Vi kan tilby:

Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved eit aktivt nasjonalt fartøyvernsenter som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Noko reising må du rekne med då vi tar oppdrag over det meste av landet.

Løn etter avtale.

Tilsetjing snarast. 

Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til:personal@hvm.museum.no eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund innan 02.06.2017.

Spørsmål i høve stillinga kan rettast til Avdelingsleiar Åsmund Kristiansen, tlf. 917 46 811.

Sjå og nettstaden

www.fartoyvern.no