Prosjektleiar/Fartøyvernkonsulent

100 % fast stilling. Allsidig og spennande stilling som prosjektleiar/fartøyvernkonsulent for restaurering av verna fartøy og skip. Stillinga vil m.a innebere rådgjeving og dokumentasjon i samband med antikvarisk istandsetting, synfaringar, tilstandsvurderingar, kompetansebygging og formidling.

Den ideelle kandidaten har:

  • teknisk utdanning 
  • erfaring med prosjektleiing
  • relevant maritim praksis
  • interesse for historiske fartøy og maritim kulturhistorie

Dokumentert relevant realkompetanse kan kvalifisera til stillinga.

Stillinga inneber noko reiseverksemd.

Personlige eigenskapar: Vi ønskjer oss ein engasjert og omgjengeleg medarbeidar som arbeider effektivt med fleire parallelle prosjekt, og med god evne til å tenke langsiktig. Vi legg vekt på høg fagleg kvalitet, positiv innstilling til intern og ekstern rådgjeving, samt god skriftleg og munnleg formuleringsevne.

Vi tilbyr:

Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Pensjonsordning

Hardanger og Voss museum er IA-verksemd

Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til avdelingsleiar ved Fartøyvernavdelinga, Åsmund Kristiansen, tlf 91 74 68 11.

Send søknad til Hardanger fartøyvernsenter, pb. 53, 5601 Norheimsund, eller på e-post til personal@hvm.museum.no innan 16. mai 2017 (ny frist).

 

Flere bilder

  • Stord ved kai på HFS
  • Gaa Paa - Skifting av spant er igang