Norsk English

Lærling i trebåtbyggjarfaget

Hardanger og Voss museum har ledig plass som trebåtbyggjarlærling med arbeidsstad Hardanger fartøyvernsenter. 

Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv med restaurering  av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. Senteret er lokalisert i Norheimsund og har omkring 40 medarbeidarar.

Hardanger fartøyvernsenter er ein del av stiftinga Hardanger og Voss museum  som vart etablert 17. januar 2006. Museet sin visjon er å gje besøkande gode opplevingar å bryna seg på. Satsingsområdet er å ivareta den immaterielle kulturarven innan utvalde tradisjonsfag og at publikum skal læra gjennom å gjera. Dei andre avdelingane i museet er Hardanger folkemuseum,  Voss folkemuseum, Kunsthuset Kabuso, Ingebrigt Vik Museum, Agatunet, Granvin bygdemuseum og Kvam bygdemuseum.


Vi søkjer etter

LÆRLING I TREBÅTBYGGJARFAGET

Bakgrunn/ kvalifikasjonar:
- Formelle kvalifikasjonar, som vidaregåande utdanning frå båtbyggjarfag (Vg 2), alternativt VK I/VK II frå trebåtbyggjar/snekker/tømrar.
- Og/eller: Praksis frå desse faga, eller nærliggande fag
- Og/eller: Arbeid eller kurs relatert til båt
- Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk.

 Vi kan tilby:

Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved eit aktivt nasjonalt fartøyvernsenter som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Læretida vil hovudsakleg skje på arbeid med verna og freda fartøy. Noko reising må du rekne med då vi tar oppdrag over det meste av landet.

Læretid vil vere avhengig av godkjend skulegang og praksis.

Løn etter avtale.

Tilsetjing august 2017 eller etter avtale.

Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til:  personal@hvm.museum.no

eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter, postboks 53, 5601 Norheimsund
innan 15.05.17.

Spørsmål i høve stillinga kan rettast til Avdelingsleiar Åsmund Kristiansen, tlf. 917 46 811.

Sjå og nettstaden www.fartoyvern.no