Norsk English

Hardanger Fartøyvernsenter søker småbåtlærling (100 %)

Hardanger Fartøyvernsenter er eit nasjonalt fartøyvernsenter som driv med restaurering av verneverdige trefartøy, nybygging og restaurering av småbåtar, museum, vern og videreføring av gamle handverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. Senteret er lokalisert i Norheimsund og har rundt 40 medarbeidarar.

 

HFS har eigen småbåtverkstad som arbeider med tradisjonelle klinkbygde båtar.  Hovudmålet til verkstaden er formulert slik: Småbåtverkstaden skal gjennom bygging, restaurering og forsking på opne båtar frå Hardangerregionen, bidra til å bygge opp og  formidle kompetanse om lokale småbåttradisjonar .Vidare skal verkstaden kunne levera lettbåtår til dei verneverdige fartøya. 

Når vi er på jakt etter ein lærling, er det for å sikre overføring av kunnskapar og ferdigheiter innafor Hardanger tradisjonen.

Vi søker etter ein person som har bestemt seg for å satse langsiktig på fordjuping innanfor bygging av opne klinkbygde båtar frå Hardanger. Det forutsettes i så måte at læretida får ei overvekt av denne byggemetoden. 

For stillinga legg me vekt på erfaring innan faget, gode referansar og særleg interesse for tradisjonell trebåtbygging. Med ønske om erfaring innanfor klinkbygging, kunnskapar om norske båttypar og  byggetradisjonar, evne til å arbeide saman med andre og driv til å arbeide sjølvstendig. Kompetanse innanfor formidlingserelaterte fag er og ein fordel. 

Me arbeider i eit heilskapleg maritimt  fagmiljø der handverk og kvalitet blir sett i høgsetet.  

Hardanger Fartøyvernsenter tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshesteneste og velferdsordningar.

Løn etter kvalifikasjonar.  Lærling vert løna i tråd med tariff .

Søknadsfrist: 15.juni

Søknad med CV ,referansar samt oversikt over båtar du har vært med å byggja kan sendast til: personal@hvm.museum.no eller pr. post til: Hardanger Fartøyvernsenter,  Pb 53,  5601 Norheimsund.

Spørsmål kan rettast til leiar for verkstaden Peter Helland-Hansen Mobil 48062449, peter.helland.hansen@hvm.museum.no

Flere bilder

  • Baugen Hardangerfæring. Foto: Terje Rakke
  • Informant og eit trente aug som ser
  • Båtbygginga byrjar i skogen