Norsk English

Lærling i repslagerfaget

Hardanger fartøyvernsenter(Hfs) er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføringav gamle handverk, fagopplæring, maritim leriskule og reiseliv. Hfs eig og driv hardangerjakta Mathilde. Senteret er lokalisert i Norheimsund og har omkring 35 medarbeidarar.

Me søkjer ny lærling i reipslagarfaget frå hausten 2017. Dette er noko for den som er interessert i tradisjonshandverk  og som har lyst til å læra seg å slå tau til mellom anna historiske fartøy.

På reperbanen i Norheimsund lager me tau av naturmateriale med gamle teknikkar. Dei fleste av taua me slår vert rigga på båtar og er i bruk. Me er opptekne av å laga tau av høg kvalitet.

Arbeidet inneber å lage tauverk av ulike material tilpassa den bruken tauet skal ha. Som lærling vil du lære om heile produksjonsprosessen frå fiber til ferdig slått tau. Det vil bli undervist og arbeidd med både vegetabilske (hamp, manila, kokos, lindebast med fleire)og animalske materialar (hestetagl og hud). Du vil få opplæring i dei teknikkane som er knytt til de ulike materiala og produkta vi arbeider med. Læretida vil også gje gode kunnskapar om rigging av tradisjonelle båtar, også dokumentasjon og formidling knytt til faget vil være viktig.

Me treng ein sjølvstendig person som ønskjer å gå i djupna i eit lite handverksfag.

Me kan tilby ein treårig utdanning som bygger på VG1 og som avsluttast med sveinebrev. For detaljar for opplæringa sjå læreplan :  https://www.udir.no/kl06/REP3-01    Lærlingen må være innstilt på å ha deler av læretida i utlandet og andre stader i Norge.

Reipslagerfaget er godkjent som eige lærefag og følgjer strukturen til yrkesfagleg utdanning på vidaregåande nivå. Det inneber første år på vidaregåande skule (VG 1) Handverk og Design. Andre, tredje og fjerde år (VG 2, 3 og 4) skjer i bedrift, som i dette tilfellet er Hardanger fartøyvernsenter. Søkjarar som har vidaregåande skulegong eller anna relevant erfaring vil kunne søkje om godkjenning av VG 1, eller nokre av dei obligatoriske faga.

Kvalifikasjonar: Interesse for handverk og maritim historie.  Grunnleggjande engelsk. Må kunne arbeide sjølvstendig.

Har du spørsmål eller lyst å komme på besøk? Send epost til reip@hvm.museum.no eller ring Sarah på +47 468 45 695, eller Ingunn på +47 480 28 952.

Skriftleg søknad sendast innan 15. mai til personal@hvm.museum.no