Forpleiningsansvarleg 

Hardanger fartøyvernsenter har ledig fast stilling som forpleiningsansvarleg i 100% stilling.

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum som består av Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museet, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.

Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. Senteret er lokalisert i Norheimsund og har omkring 40 medarbeidarar.

HFS har ledig fast stilling som  forpleiningsansvarleg  i 100% stilling

Forpleiningsansvarleg utfører vertskapsservice ved Hardanger Fartøyvernsenter og har arbeidsoppgåver knytt til servering, innkjøp og reinhald av kjøkken og serveringsstadar ved HFS.

Ved senteret er det fylgjande serveringsbehov:
•    Kantine
•    Kafe
•    S/J Mathilde
•    Utandørsarrangement
•    Kveldsarrangement
•    Seminar/kursverksemd

Arbeidsoppgåver
•    Utarbeiding av meny for alle serveringsstader
•    Innkjøp av varer
•    Administrativt matfagleg ansvar for S/J Mathilde
•    Førebuing og tilrettelegging av mat og servering
•    Delta ved rekruttering og opplæring av personale knytt til serveringsstadane
•    Definere behov for vikarar/ekstrahjelp og innhente desse tenestene
•    Dagleg kantineservering (måndag-fredag)
•    Servering frå kafe i opningstidene
•    Servering ved arrangement/kurs og seminar i samarbeid med prosjektansvarleg
•    Dagleg reinhald
•    Gjennomføring av daglege IK-mat rutiner
•    Dagleg kasseoppgjer
•    Etablere/vidareutvikle rutiner

Kvalifikasjonar
•    Fagbrev kokk, storhusholdning eller tilsvarande
•    Minimum 2 års erfaring frå storhusholdningsarbeid
•    Administrativ erfaring

Personlege eigenskapar
•    Omgjengeleg og samarbeidsvillig
•    Fokus på kvalitet og effektivitet
•    Strukturert iht planlegging og gjennomføring
•    Fleksibel iht arbeidstid og oppgåver

Som tilsett ved Hardanger og Voss Museum blir det forventa at forpleiningsansvarleg aktivt og engasjert bidrar til å ta eit felles og heilskapleg ansvar for utviklinga av funksjonen, innafor dei til ei kvar tid gitte rammer.

Hardanger og Voss museum tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til økonomi- og administrasjonsleiar Anne Marie Øvrevik, mobil 99329850.
Søknad med CV og relevante vitnemål og referansar kan sendast til:
personal@hvm.museum.no innan 12.06.2017.